Vedtekter

NBV 04.04.2005

 

 

Vedtekter for Hardangervidda grunneigarsamskipnad (HG)

Skipa 11.12.1975. Revidert 1999, 2003, 2004, 2005, 2010, 2012


 

 

§ 1. Geografisk avgrensing

Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, forkorta til HG, er ein samarbeidssamskipnad for HG sine lokale einingar.  Medlemer kan vera grunneigarlag, vilt- og fiskelag, sameiger og andre private eigedomar, herunder fiskerettar, på og rundt Hardangervidda.

 

 

§ 2.  Føremål

Samskipnaden skal:

  1. Arbeide for å fremje grunneigerane si næringsmessige utnytting av Hardangervidda.
  2. Arbeida for å ta vare på og verne Hardangervidda sin natur og eigenart.
  3. Leggja til rette for ålmenta sin trong til rekreasjon og friluftsliv på Hardangervidda så langt som ressursane og den økonomiske drift av eigedomane tillet.
  4. Arbeida for at forskrifter, forvaltningsreglar og forvaltning av Hardangervidda vert utforma og praktisert slik at dei ikkje hindrar næringsverksemd for private eigedomar på Hardangervidda.

 

 

§ 3.  Arbeidsoppgåver

Samskipnaden skal:

  1. Fremja grunneigerane sine interesser på alle felt, m.a. i høve til styresmaktene og organisasjonar som har interesser på og rundt Hardangervidda.
  2. Arbeida for at grunneigerane organiserar seg i lokallag.
  3. Arbeida for betre vilt- og fiskestell og leggje til rette for ei god utnytting av utmarksnæringa, herunder privatrettsleg oppsyn.

 

 

§ 4.  Inn- og utmelding

Innmelding i samskipnaden skal vera skriftleg på eit fastsett skjema med oppgåve over totalareal frå medlemet.  Kart med eigedomsgrenser er ynskeleg.

Sameigepartar kan teikne medlemskap.

Utmelding må og vera skrifttleg med eit års varsel.

Utmeldt medlem har ikkje krav på del av fond eller anna eige samskipnaden måtte ha.

 

 

§ 5.  Årsmøtet

Årsmøtet er HG sitt øvste organ.  Årsmøtet skal haldast ein gong kvart år og seinast innan utgangen av mars månad.

 

Rett til å delta på årsmøtet har alle medlemmer.

Røysteretten vert gradert slik:

 

Røysteretten i viktige saker er såleis fastsett etter det areal ein betaler medlemskontingent for.  Medlemer kan møte med inntil 3 skriftlege fullmakter frå andre medlemer, frå eigen kommune.

 

Årsmøtet vert innkalla skriftleg av styret med minst 6 vekers varsel.

Saker som medlemene ynskjer å få med på sakslista må vera komne til styret seinast 4 veker før årsmøtet.  Sakspapira skal sendast ut minst 2 veker før årsmøtet.

Årsmøteprotokollen skal sendast ut til medlemene og andre innan 14 dagar etter årsmøtet.

 

Årsmøtet skal:

1.  Velja møteleiar.

2.  Godkjenne innkalling, saksliste og fullmakter.

3.  Handsama årsmeldinga.

4.  Handsama årsrekneskap og revisors melding.                                                                                                                                

Gje styret ansvarsfridom.

Styret har ikkje røysterett under pkt. 3 og 4.

5.  Fastsetje godtgjersle til tillitsvalde.

6.  Fastsetje medlemskontingent.

7.  Drøfte saker av næringsmessig art (jakt, fiske, beite, turisme m.v.), samt saker som Villreinutvalet bør ta seg av.

8.  Handsama arbeidsplan og budsjettframlegg for komande år.

9.  Gjenomføre val av:

10.  Handsama innkomne saker.

 

Årsmøtet kan berre gjera bindande vedtak i dei saker som står på sakslista.

Årsmøtet gjer vedtak med absolutt fleirtall.

Unntak er vedteksendring og oppløysing som krev 2/3 kvalifisert fleirtal.

 

Ekstra årsmøte vert halde når styret eller minst 1/3 av medlemene krev det.  Innkalling og handsaming av saker er som for eit vanleg årsmøte.

 

 

§ 6.  Styret

Samskipnaden blir leia av eit styre på 7 medlemer, eitt frå kvar av kommunane som har medlemer i HG.  Valperioden er på 2 år, og skal gjenomførast slik at 3 (4) av medlemene er på val kvart år.  Medlemene med varafolk vert valde/peika ut gjenom ein lokal prosess i kvar kommune.  Valnemnda skal sjå til at ein slik prosess vert gjenomført.

 

Styret er vedtaksført med tre frammøtte medlemer, men det krevst då samrøystes vedtak.

Styret vel eller tilset sekretær og kasserar.  Styret kan oppnevna rådgjevande fagutval etter behov.  Det skal førast møtebok over dei saker styret har føre.  Møtereferata skal snarast råd sendast til medlemene og representantar i andre organ.

 

 

§ 7.  Kommunevise lokallag av HG

I kvar kommune bør det opprettast eit lokallag av HG.  Lokallaget kan vera organisert med eigne vedtekter og eventuell kontingent, slik det høver seg best for medlemene.  Laget bør møtast minst ei gong i året og drøfta saker av felles interesse og vera eit felles talerøyr ovanfor kommunen og andre interessegrupper.  Laget skal foreslå tillitsvalde og varavalde for val i HG.

 

 

§ 8.  Vedtektsendring

Endringar i HG sine vedtekter kan gjerast på vanlege eller ekstra årsmøte.  For gyldig vedtak vert det kravd 2/3 fleirtal.  Det skal stå i innkallinga kva framlegg til vedtak går ut på.

 

 

§ 9.  Oppløysing

Oppløysing av samskipnaden kan gjerast med 2/3 fleirtal av eir årsmøte etter at det har vore gjort framlegg om same på førre vanlege årsmøte.  Minst halvparten av dei røysteføre medlemene må vera til stades.  Møter ikkje så mange medlemer kan framlegget verta vedteke på nytt årsmøte med absolutt fleirtal av dei som møter.

Det årsmøtet som vedtar oppløysing vel eit avviklingsstyre på 3 medlemer med vara.  Før oppløysing må eventuelle framleigetilhøve vera avvikla og alle plikter dekka.

Ved oppløysing skal eignelutene til samskipnaden stillast til råvelde for tiltak med same føremål.

 

§ 10.  Tvistar

Alle tvistar mellom samskipnaden og medlemene, om tolking og gjennomføring av desse vedtektene vert avgjorde med bindande verknad for alle partar (jamfør rettargangslova kap. 32) av ein voldgiftsrett på 3 medlemer.  Av desse vel partane ein kvar, formannen vert oppnemnd av Sorenskrivaren i det området tvisten er.  Dersom ein av partane ikkje oppnemner sitt medlem innan 14 dagar, oppnemner Sorenskrivaren også denne.