Hardangervidda grunneigarsamskipnad, HG, er paraplyorganisasjonen som søkjer å samle grunneigarane på Hardangervidda. Medlemar er frå alle dei 7 kommunane rundt vidda, og frå både bygd og by.

Eigedomane som er innmelde i HG kan vera store eller små private einskildeigedomar, det kan vera sameige av grunn eller fiskevatn, eller einskildpartar av sameige. Ein par medlemar er dessutan kommunal eigedom. Atter andre medlemar er grunneigarlag og fungerer som lokallag av samskipnaden.
I kvar kommune blir vald ein styremedlem med vara, og kvar styremedlem har ansvar for arbeidet lokalt i sin kommune.
Heile viddeplatået er på omlag 8.000 km2. Opp mot 2/3 av dette er privateigd. Resten av vidda er statsallmenningar, forvalta av eigne fjellstyre, ut frå Fjellova.

Hardangervidda nasjonalpark , saman med Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde og Møsvatn Austfjell landskapsvernområde, dekkjer meir enn helvta av vidda. 52% av dette er privat grunn.

Viktigaste arbeidet for HG er å taka del i forvaltinga av areala både innafor og utafor nasjonalpark. Ein grunneigar må sjåast som ein «fyrsterekkje-forvaltar», avdi han/ho har praktiske gjeremål ute i terrenget. Ei viktig oppgåve for HG er å motivere grunneigar til ansvarsfull deltaking i god naturforvalting, og å bera grunneigarsyn og aktuelle saker fram for styresmaktene.

Føremålsparagrafen for Hardangervidda nasjonalpark seier: «Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvennleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og  undervisning og forsking.»
Grunneigars landbruk, jakt og fiske er godkjend bruk av området, og vert av styresmaktene til ei kvar tid vurdert opp mot andre interesser og bruk av området. Eventuell  byggjeverksemd i parken skjer etter godkjenning av naturvern- og kulturminnemyndigheiter, og motorferdsle skjer etter løyve tildelt av fylkesvise tilsynsutval.

Utafor verneområda vert det gjort mykje dei same avvegingar, og motorferdsle skjer ved  løyvetildeling, men då i fyrste rekkje av kommunale organ. Ved verksemd av litt større omfang kjem naturvern- og kulturminnestyresmakter på høgare hald inn.
For mange grunneigarar er drifta av eigedomen viktig økonomisk, ved utleige av jakt og fiske med husvære, og ved sal av fyrsteklasses fjellaure.
Kvart år vert det fiska fleire titalls tonn fin fjellaure (25 tonn i Nore og Uvdal kommune sin del av vidda). Fisken nyttast til ferskmat, røykjing eller som tradisjonsrik rakfisk.  Uttak av fisk kvart år, i rett mengd, er viktig for å halde bestanden i god kondisjon.
Villreinstamma treng og uttak, og kvart år  vert det teke ut omlag 25 tonn reinskjøt (2009-tal). HG og fjellstyra er viktige aktørar i villreinforvaltinga gjennom Villreinutvalet.
Store område vert nytta til husdyrbeite, primært for sau. Kvar sommar beiter omlag 30 000 søyer og lam på vidda, som gjev ein produksjon på oppmot 400 tonn lammekjøt av høgste kvalitet - for ikkje å gløyme dei 30-35 tonna med ull desse sauene gjev.

For  dei som ikkje har nemnande kontantinntekt frå fjellet er likefullt fjellet viktig for rekreasjon og livskvalitet, og som matauk. Fjellfolket som gjennom generasjonar har ferdast i fjellet har ein viktig tradisjon å bera vidare. Det er viktig at storsamfunnet ser dette, og forstår kva det inneber. Fyrst og fremst inneber det ei visse i hjarta om at reinen, rypa, auren, og fauna og flora elles i fjellet skal ha det bra, og at ressursane og den klåre lufta og det frie utsynet er viktig for å halde liv i menneskja.

Utforming: kandesign